center>
/Trykk på bilete for å kome til den nye bloggen
Huska dokke den dagen då eg var så glad for nokre veker sida? Eg sa det aldri, men eg skal bytte bloggplattform - Iiiik! Så no har eg nettopp snakka med sjefen, og den nye bloggen er klar for bruk. Så da finn dykk meg på den bloggen HER fra no av. Eg trur at det å blogge på trendsales blir kanonbra, så gledar meg mykje til å setje i gong. Dei andre bloggarane der er også veldig dyktige. Sjekk dei ut HER.
Iiiiik :D
center>

Åh, første dagen over. No er det UT!
center>





Fann desse bilda på ein blogg, og datt nesten av stolen. Åh... Blir så inspirert av slike bilder! Søren at eg må opp tidleg imorgon på første skuledag(Les: fylla). I morgon byrjar jo fadderuka! Og for dykk som lurte, så skal eg gå BI varehandelsledelse her i Bergen ilag med Øyvind som skal gå Marknadsføring. Gledar oss som ungar!
center>

Herregud, kan ikkje tru at leiligheta er ferdig etter den 4.turen innom IKEA. Skjønnar ikkje kva som skjer, men det er fjerde gangen eg må kjøpe 25 nye kleshengarar. Einaste som manglar er pizzaskjærar, eit lite nattbord og ei skohylle i gangen, så er den komplett! Iiik, happy girl! Da skal dokke forresten få sjå bilder. Vi fekk hamstra det meste på IKEA idag, og Øyvind sitte no pal framfor den nye 42"-ern sin og ser på OL. Heldigvis er det snart pizzatime, så kanskje det er mogleg å få litt kontakt, haha.
center>

Å så sliten eg er! Kom nettopp veltande inn døra med eit brød under arma og ein pose med smågodt. Ikveld blir det kosekveld med pasta og godterier ilag med Øyvind og Kristine. I morgon er det opp kl halv 7, og så kjem dagen til å gå i eitt heilt til seint på kveld. Trenge litt opplading no. God fredagskveld alle koselege lesarar, og eg skal prøve å få svart på kommentarar så fort som mogleg.
center>




Ny topp fra Lindex. Nei, eg kødda ikkje. Kun 149,-! Holdt nesten på å dø. Så for å veie opp, så kjøpte eg faktisk 2(!) ting til ordinærpris(!). Har aldri gjort det før, vertfall ikkje i Norge. Eg savnar Primark. Herregud, eg burde slutte å skrive i innlegga mine. Sitte berre å snakka med meg sjølv, og frista meg sjølv til å gå innpå norwegian.no. Det som er så grusomt synd, er at det er ein flyplass i nærheita her. 299,- til London. Ok, no må eg gå.
center>
På søndag kom vi busande inn i leiligheta med eit titals kasser og bossekkar med kle og sko. Sidan dèt har vi vaska ned, vert på IKEAx2, montert møblar, hengt div opp på veggane, og pynta. ENDELIG kan eg ta meg ei handlerunde på klesbutikkar, tenker eg. Blir GAL av å sitte her. Har trossalt brukt fleirfoldige tusen på møblar, og i tillegg har eg fått meg jobb - så eg føler plikta for å veie opp med klesshopping. Har høyrt rykter om at det er salg rundt omkring...
Uansett. Synst vi har fått det så fint her at dokke må få sjå nokre smakebitar, hihih



Kva dykk synst? Trur dykk at det blir bra eller? Eg er jo trossalt innredings-sjefen :D
center>

Hei alle sammen! Igår kom vi til Bergen, og vaska ned leiligheta. Idag kan vi endeleg byrje med å innrede den fine leiligheta vår! Flyttelasset er litt på halv åtte, så umogleg å finne fram noko nytt og inspirerande å gå med. Men eg har vertfall vert våken sidan kl 8, vert ute å handla frokost, medan Øyvind fortsatt søve. Har fått gjort mykje allereie, med andre ord! Det skal nok snart bli orden på kleda også. Seinare idag skal eg på jobbintervju før vi tar den etterlengta turen til IKEA. Nevnte eg at det er sol i Bergen? Lykke♥
center>

For omtrent 24 timar sida tok eg ein snartur innom ASOS. Fader ta det salget, altså! 625,- kosta skoa eg hadde sett på Ulrikke sin blogg, og no var dei nedsett til 437, og før eg fekk tenkt meg om, så hadde eg faktisk sendt dei heim. Ikkje heim, men til Bergen. Skoa har æren av å bli første pakken min heim til Magnus Barfots Gate. Hihi! Må feire at eg endelig har ferie, då. Vertfall i ei veke til før fadderuka begynne. Imorga flyttar jo eg til byen - å Gud som eg gledar meg :D
center>
1. Beste TV-serie: GG, FF, Suits
2. Drømmekjæreste: Fantasiverden: Peeta Mellark. TV-verden: Nate Archibald, eller Harvey Specter.

/Vår hemmelighet. Øyvind lese ikkje bloggen
3. Hva gjør deg glad akkurat nå: Smash
4. Dette er topp: Den lokale utestaden på ein lørdagskveld, og ete alt ein vil når ein er hangover på søndagen.
5. Verste uvane: Sjekke kjøleskapet for nye godsaker eit par gongar i halvtimen.
6. Mitt første kyss: Blei tvinga opp i eit hjørne i barnehagen, og gjorde all motstand eg makta ved å prøve å spytte vedkommande i ansiktet.
7. Favorittplasser: Phuket, Hong Kong, Cancun og NY. Men av dei eg har vert på:

/Vår første utenlandstur aleine i 2010: Hellas, Lesbos.
8. Jeg kan ikke leve uten: IKEA? Europris-smågodt? Nei, det må vere Øyvind. Tenk om eg måtte ha henta mitt eige vatn kvar bidige kveld...
9. Flaueste episode: Det var i Hellas. Året var 2010. Det skjedde på ein restaurant: Eg kasta ein isbit utfor kanten på restauranten, i det eg trudde var sjøen, då eg høyrte eit høgt skrik og såg over kanten på ei overklassedame som hadde hatt på haudet, ei bok i handa og ein knust isbit på magen. Blei så redd og flau at eg begynte å grine.
10. Dette er jeg livredd: Slangar, slengbukser og andre som har JC Shadow Stud

11. Hva var det siste du spiste: Smash.
12. Det siste du kjøpte: Smash. Men bortsett fra dèt: tampongar og bensin.
13. Favorittsitat: "Me gusta perro sin salsa"/Eg likar hund uten saus -Olin

14. Hva liker du minst ved deg selv: At eg ler av ting eller i sitasjonar eg ikkje burde le i. Unnskyld Olin, men du er berre heilskjønn når du seier rare ting etter tømme veska di for sand og pengar i 8.etasje over ein restaurant♥
15. Hva liker du best ved deg selv: Her eg sitt med ball på haudet, og rennande sminke, så må det vere at eg har rette tenner etter eit fælt år med regulering(2011). Men trur eg har hol i tenna da. Etter all smashen, meinar eg. Kanskje det at eg ikkje bryr meg om kva andre meinar om meg og korleis eg går kledd.

Åh, det er så kjekt når Øyvind er på jobb på ein fredagskveld(herregud, er det fredag idag?!), og eg må sitte heime aleine...
center>
Eg har 26 bloggar eg følger på bloglovin. Dei 26 bloggane har eg stort sett fulgt ei stund, og lest kvart eit innlegg. Over ei lang tid har desse bloggane vert viktig for meg, og eg har eit konstant behov for å ha 0 leste innlegg på bloglovin, altså at eg har lest alt det nye. Bloggarar som livingdoll, leneorvik, ringmybell, nettenestea, tuula, manrepeller og martheborge har vert nokre av dei. Men no føler eg at eg er ferdig med ein del bloggar som for eksempel andreabadendyck, fotballfrue og martheborge, fordi eg er ute enn noke litt meir annerledes, skjønnar dokke? Eg føler eit behov for noke enda meir spessielt, og få inspirasjon frå eit litt meir streetstyle/personlegstil-bloggar. Eg elskar f.eks Ulrikke Lund, Livingdoll, Fashiondiaries og themanrepeller - men har nokon tips til liknande bloggar? Eg har eit desperat behov for forandring på bloglovinlista. Hjelp!

center>




Igår kom endelig(LES: etter 32 dagers-ventetid) Nelly-pakken min! Nytt skjørt, som dykk kanskje ser. Svart og glitter, kanskje litt julete? Men søren heller, det er berre å rocke ned det, så blir det året-rundt-plagg!
center>

3 år i lag med min første kjærlighet. 1091 dagar har vi holdt ut med krangling, diskusjonar og lange dagar på sofaen. Vi hadde eit avstandsforhold som vi ikkje klarte å takle, fordi kvardagen var for tung utan kvarandre. Eg gav opp Englanddraumen. I løpet av dei siste tre åra har vi vert på fire utanlandsreiser, flytta frå kvarandre og kost oss på hytteturar. Ein skulle ikkje tru at vi skulle klare å komme oss igjennom alt, men om vi gjorde. Er det ikkje det ein seier; dei motsette partane blir tiltrukke av kvarandre som ein magnet? Vell, no skal vi bli sambuarar, og eg har aldri vert lukklegare ♥
center>

Er i mitt sentimetale hjørne idag. Eg trur det å få tankane på papiret hjelpe, hehe. Tungt å flytte, skjønnar dykk. Mange tunge løft.
center>


Nydelege fargar i dette bilete, som eg har bestemt meg skal få ein hedersplass i stova. Har også kjøpt ein vinkaraffel, og flotte glas som er fra Kala Glassmagasin. Den høge, flotte vasen fann eg på nille til berre 79 kr, som eg skal ha mykje blomster i. Både liljer og roser. Gleda meg!
center>



Bukse - sisters point, sko - new yorker, bluse - cubus, armbånd - primark, cubus, asos, ebay, smykke - ebay
Er... så... innmari... trøtt... Første gang eg har gått med 10 cm i fleire timar, på fleire veker, så no har eg passe døde tåballar. Haha, uff. Treng... å... slappe... av... med the hunger games og litt kaffi!
center>

Jobb, lunch pause, handle, jobb igjen, heim, lage mat, prate, besøk på statoil, også heim igjen. Dagen har gått i eitt, så no tenkte eg å slappe av med eit glass rødvin og lese i det nye magasinet Stella, som verkar utruleg bra. Men kjenne eg meg sjølv rett, så blir det til å byrje å pakke. Er så gira på å flytte no! Iik :D
center>


Smykkeskrin og kleshenger fra Lisbeth Dahl. Herregud så eg elskar det merket. Det er så mykje nydeleg og spessielt, og vil igrunn innrede heile leiligheita i fransk-cafè-stil. Men sidan han er bur med ikkje er heilt der, så får det holde med fransk-inspirert soverom og kjøkken :) Gledar meg til å byrje å setje ting på plass!
center>

Sol? Varmegrader? Blåfarga himmel? Kven skulle tru at ein kunne sjå slikt i midten av juli? Eg gjekk vertfall med svart skinnbukse og mørk skjorte på jobb idag, og før klokka tikka 10 fann eg ut at eg måtte ha noko lettare. Bort på cubus og handle seg eit kvitt, fint skjørt og ein lettare topp. Eg tåle ikkje varme, det er mi unnskyldning denne gongen :) No har eg faktisk ope både nelly, nastygal og solestruck samtidig. Kan nokon stoppe meg?!
center>


Raudt skjørt / eBay
Kvit kjole / nastygal
Svart kjole / nastygal
Oransje knit / vila
Skjørt / nastygal
MacBook case - eBay
iPhone case - eBay
neglelakk, div armbånd - cubus
stud headpiece - eBay
stud necklace - eBay
center>


// bukse - zara, nye støvlar for anledninga - eurosko, regnjakke - mamma, accessories - eBay, primark og cubus, vin - polet
Beklager(nei forresten, det er teit å beklage seg på min eigen blogg) for så dårlege outfitbilder, hadde som sagt ikkje tida til å stå å pose framfor ei busk når det var Malakoff på gang! No framover skal eg prøve å blogge betre, har dabba litt av i det siste med webcam- og gamle bilder.
center>

For ein kjekk festival vi hadde her på Eid i helga. Eg hadde det så kjekt, trass i at det pøsregna. Men det er jo ein sjarm med mykje våte regnjakker framfor festivalscena og Turboneger. Alle såg like tåpelige ut med vått hår, rennande smike og skitne støvlar. Og eg elskar det. Festival handlar om mange ting, men for min del så tilsvarar musikken 20% av interessa, 30% sjølve festen, og 50% for inspirasjon. Så idag er eg kjempeinspirert her eg sitter i heilrød uniform og leitar rundt på det store internettet etter ei gul seglarjakke.
center>
I går var ein fin dag! Arbeidsdagen gjekk relativt fort, pg plutseleg var det to kara som kom inn 10 min før stengetid for å få seg ein gensar. Det viste seg at dei spelte i Seigmen. Heheh:)

Fekk eit lite bilete av festivalkleda også!



Men idag... Herregud!!! Sykla til jobb med eit auge ope, med veska inn u hjulet og ødelagte bremser. For ikkje å snakke om eit sneeeeev bakrus. Eg veit ikkje bedre, skjønnar dokke... :-)

center>
Eg klarte no å lage til fire-fem antrekk i går. Problemet er at eg ikkje klare å bestemme meg for kva eg skal velge. Derfor skal eg skifte fleire gongar, haha! Jobb, festival tidleg og festival kveld x 2! Reknar ikkje med at det blir noko antrekksbilete heller, så her er berre ein smakebit!


Ok, eg må faktisk få til antrekkbilete... For ditta var awesome på.
center>
Åh, dokke... Eg bestilte jo masse kle fra nelly den 30.juni, og da var eg sikker på at dei skulle komme til denne helga. Vell, posten har ikkje fått sendinga enda! Så eg snakka med ei dame på nelly, og ho sa at posten kunne bruke tre veker, og viss eg fortsatt ikkje hadde fått noke, så kunne eg klage. HERREGUD, kvinnfolk. Posten har jo ikkje mottatt pakken eingong. Drittkjerring med drittservice, makan...
Men bortsett fra dét, så har eg det ganske bra - utenom eit lite problem: Eg har ikkje kle til å gå med på Malakoff Rockfestival! Så då er det på tide med inspotime med mykje smykker, armbånd, hodeplagg, jakker, shortsar, skjørt, vestar og så vidare. Også har eg Lars Winnerback i bakgrunnen på spotify. Skikkelig Amalie-time. No skal det byggast, ordnast og skiftast, hihi :D
Ok, her ser mykje koselegare ut eientleg. Meir kle, armbånd og stuff. Ser igrunn berre rotete ut på bilete. Menmen, stemninga er vertfall på topp :)
center>



Sjå skjørtet! Iik, det er mamma sitt for sann hundre år sidan :D (Chill, eg meinte eit århundre, mamma) Det er kanskje det deiligaste skjørtet eg har hatt nokon gang - er så godt å gå med! Eg fann også fire-fem singlettar og toppar blandt alle slengsbuksene hennar, som faktisk passa meg. Også har eg jo leita lenge etter ein fin levis-shorts, og har kjøpt to stk på internett tidlegare, uten at fasongane har passa meg. Men, hehe, i den svære bossekken fann eg den perfekte! Herregud, kva er sjangsen liksom? Vell, ho levde jo på 80-tallet, da men! Perfekt farge, størrelse, fasong og lengde - love it. Den skal dokke få sjå i helga :D
center>

Idag kom eg inn på den skulen, og på den linja eg ville. Er dødsglad for det! Så no held eg på å leite, sortere, kaste, gøyme bort og pakke forskjellige ting. Fann ein bossekk som ikkje var min igår, og gjett om eg fann ein god del skattar! Ein av dei kan du sjå på bilete over, hihi. Resten av antrekket kjem imorgon :D
center>

Det er så mykje å tenke på for tida! Først og fremst er det jobb 9-16.30, også er det heim og ete middag(godteri) etterfulgt av litt avslapping. Så må eg prøve å finne ut kva det er vi(eg) faktisk vil ha i leiligheita. Også står eg med eit dilemma mellom UiB eller BI, der eg har lyst til begge. Ikkje berre det, men eg har fått eit jobbintervju i Bergen, og eg lure på om eg er så skulelei at eg berre skal ta eit friår dersom eg får jobben. Også kjem det til å skje nokon forandringar med bloggen, men som enda ikkje er heilt i boks. Nevnte eg at eg helde på å selge bilen òg? SJÅ ANNONSA HER. Åååh, så-mykje-å-tenke-på! Men eg er fortsatt kjempelykkelig for tida! No skal eg teikne ei ny badedrakt eller noko :-)
Ny gensar forresten! Er så fin farge no som hausten straks kjem. Salg ♥
center>
Idag er ein sann dag då ein søv til klokka eitt, og ligg vaken i senga i albuen til kjæresten i fleire timar, før ein bestem seg for å fare å plukke jordbær, og kose seg med dei ute under eit teppe med fløyte og sukker på. Ah, elskar søndagar. Har sotte ved kjøkkenbordet er stund å diskutert korleis vi skal ha leiligheita vår. Det er berre tre små veker til vi vende nasa mot Bergen, og vekk frå Eid. Gjett om det skal bli deilig! Så no byrja forberedelsane med å bestemme seg for sofa, seng, hyller, lampar, bord, stolar osv - eg skal ha leiligheita perfekt. Svart og kvit, med litt raudt. Akuratt sann eg likar det, hihi :D

center>

Nokre bileter frå den siste veka. Smykke på bilete nede til venstre fekk eg nettopp i postkassa. EBay er faktisk genialt: Billig og bra, og ein blir stortsett veldig glad over å få pakke i posten kvar dag. Hihi :D
center>
Dokke veit den dagen eg var så fattig, og kjeda meg sann på jobb, så eg tok å shoppa på nelly? Vell, seinare på dagen, då eg viste at eg hadde brukt for masse pengar, og var klar over at samvittigheten ikkje tolde meir, da følte eg meg trygg nok til å gå innpå nastygal.
Også berre ..... "FADER!! Salg?! KØDDA DU MED MEG?!"

Dokke veit kor svak eg er for salg...
17:49 · 
